Riksveg 13

Riksveg 13
Stamveg 13 logo
Rv 13 kryssar Låtefossen i Odda
Rv 13 kryssar Låtefossen i Odda
Strekning
Balestrand/LeikangerSandnes
Riksveg 13
Informasjon
Lengd 449,9 km
Status
Fylke
riksveg
Rogaland
Vestland
Ferjestrekningar 3
Tilstøytande vegar
Riksveg 13 Riksveg 13 Riksveg 13 Riksveg 13 Riksveg 13
Restriksjonar
Kolonnekøyring Vikafjellet
(om vinteren)
Nattestenging Vikafjellet
(om vinteren)

Riksveg 13 (Rv13) går mellom Stavanger i Rogaland fylke og Sogndal i Sogn og Fjordane fylke. Vegen går parallelt med Europaveg 39, men lenger aust. Mellom Oanes og Sand blir vegen også kalla Ryfylkevegen.

Vegen tek av frå E39 ved Schankeholen i Stavanger. Traséen vidare er Hundvågtunnelen - Ryfylketunnelen - Solbakk - Tau i Ryfylke - Hjelmeland ferje Nesvik - Sand i Ryfylke - Suldal - Røldalsvatnet - Seljestad - Odda - Tyssedal - Lofthus - Kinsarvik - Bu - Vallavik - Granvin - Voss - Vinje i Voss - Myrkdalen - Vikafjell - Viksøyri - Vangsnes ferje Hella. I Sogndal møter vegen Riksveg 13.

Over Vikafjellet mellom Hordaland og Sogn og Fjordane passerer i gjennomsnittleg 450 køyretøy i døgnet, i januar er talet nede i 150 og i juli er trafikken opp mot 1200 i døgnet[1].

  1. Statens vegvesen trafikktelling, tall for 2011 http://www.vegvesen.no/Fag/Trafikk/Trafikkdata/Trafikkregistreringer Arkivert 2015-04-30 ved Wayback Machine.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy